August Bosse

August Bosse (1873–1921) kom frå Øyestad i Aust-Agder. Han var ein framifrå omsetjar av ei rad romanar, forteljingar og folkelivsskildringar til nynorsk, og ikkje minst gav han Det kommunistiske manifestet nynorsk målbunad. Han var faglærd typograf og fagforeiningsleiar, formann i Norsk Typografforbund 1905–1907. Lenge var han typograf og ein av dei næraste medarbeidarane til redaktør Rasmus Steinsvik i venstre- og nynorskbladet Den 17de Mai. Han sytte for at bladet kom ut i ei stø og einskapleg målform. Kring hundreårsskiftet var han typograf i Dagbladet. Tidlegare hadde han vore maskinmontør og handelsreisande. Han døydde av hjarteslag berre 48 år gamal.





Bøker og artikler av forfatteren tilgjengelig på Marxist forlag

2014

Det kommunistiske manifestet

Det kommunistiske manifestet som Karl Marx og Friedrich Engels gav ut i 1848, er tvillaust den viktigaste boka som vart sk[...] Les mer